amalieoverthere -

Å komme heim igjen til Norge

  • 05.08.2014kl.19:29
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 0 )

Hei igjen!

Eg skreiv et innlegg rett før eg forlot Delaware, men eg kom aldri så langt at eg fekk publisert det, så det får være.

No har eg vert heime i litt over 5 veker. Det er utrulig godt å være heime igjen til alt kjært; både mat, plass, og folk. Eg savna Norge grådig mykje den siste tida eg var i USA, samtidig som eg hadde den beste tida av utvekslingsåret mitt i Amerika då. Eg fekk fleire nære venner, gjekk meir ut og fant på tull og fanteri, og eg var vant med alt der. 

Her heime går det mykje i jobbing, og når eg ikkje jobber er eg med venner, kjæreste, og familie. Det er veldig godt å ha dei trygge, kjente rammene rundt meg igjen. Vertsfamilien eg budde hos var grei, men det var nokre ting som skurra som eg ikkje skal gå nærmare inn på her. Etter eg kom heim har eg sendt et par e-poster med vertsmora mi, og chatta litt med vertssøstra mi på Facebook.. Vennane mine fra fotballen skriv eg endå med i gruppesamtalen me lagde, og eg sender bilder på Snapchat med dei eg blei best venn med. Det er eit par av dei jentene eg savner veldig, og håper kjem på besøk ein gang! 

Av og til er det jo litt rart og, at eg er heime igjen. Det er jo klart det er ting eg savner fra USA og. Som den lette tilgangen til det meste. Butikker, basseng, treningssenter, stranda. Nokre av matkjedene og restaurantene. Vennane. Det var ikkje så vanskelig å omstille seg til Norsk kultur igjen, for det er jo tross alt den eg har vert vant med heile livet. Det tyngste med å komme heim igjen må soleklart være at eg føler nokre venner har glømt meg, og glømmer å lage avtaler med  meg og, som om eg ikkje har komt heim igjen. Men ting går seg forhåpentligvis til.

No lurer eg litt på om eg skal begynne på ein ny blogg. Eg syns jo det er kjekt å skrive, og eg blir jo litt flinkere til det og når eg blogger, så me får sjå. 

Så då blir det et siste farvel med denne bloggen no. DET føles rart. Denne "platformen" har jo blitt brukt til å skrive om gøye ting eg har gjort på, og litt meir vanskelige ting eg har opplevd gjennom desse 10 mnd. 

Farvel USA, for denne gang.

 

Dato.05.08.2014 klokken.19:29 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Busch Gardens og Water Country

  • 18.06.2014kl.05:20
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

Heij bloggæn,

Været er utruulig fint her no! Det ligg i 25-30 grader, og dei siste tre dagane har me vore i Virginia der det var opptil 36 grader. Me reiste heimifra tidlig søndags morgen til Busch Gardens i Williamsburg, og var framme i 12-tida. Det er ein ganske stor park med fleire "tema" slik som Disney har. Me spiste lunsj i Italia før me starta runden på berg-og-dal-banene. Der var mange store og kjappe berg-og-dal-baner, og det var like før eg skreik meg stum. Me tilbringte heile 9 timer der!! Og eg blei ikkje lei, bere sliten i beina. 

Den såkalla "Griffun" var desidert den beste av dei alle. På bildet under kan du sjå den går rett ned på et punkt. Den stoppa og holdt oss der i eit par sekund før den slapp oss ned. Skulle ønske eg hadde ein video fra første gang eg tok den, for når me satt der og såg ned så sa eg mykje rart, og repiterte galn "Ohmygod ohmygod ohmygod" fleire ganger.



Det var farsdag i Amerika søndag, så då måtte me få et bilde med (verts)far.

Eg blei OVERLYKKELIG når eg fant Skandinavia. Eg leita etter det kjempelenge uten hell, og når eg egentlig var gitt opp så dukka det endelig opp. Det var fem hovudland med show osv, og andre "småland" med ein bod der dei solgte tradisjonell mat. Dei hadde for eksempel Krumkaker i den Skandinaviske boden.



Me såg også eit veldig bra show medan me var der; "London Rocks." Dei spelte musikk fra 60- og 70-tallet, og kledde seg ut etter den tids mote. Dei gjorde ein kjempebra jobb med kostymer og sang, og me koste oss.

I går reiste me til "Water Country USA." Me var der i fire timer før me gjekk lei. Det var artig det og, og eg kan  ikkje huske sist eg var i ein vannpark(?). Eg følte meg som ein liten unge igjen, sjøl om det er folk i alle aldre der. Eg har ingen bilder derifra på mobilen, men satser på at det er believable uten bilder.

Me besøkte fornøyelsesparken igjen i dag, men me var ikkje fullt så lenge i dag som me var søndag. På veien heim spiste me på Taco Bell!! Eg har faktisk ikkje spist der før no, sjølv om det er ein veldig kjent kjede. Maten var god, men som dei fleste lignande restauranter så er den oppskrytt. 



Etter fire lange timer i bil så var det godt å komme tilbake til senga mi her og slappe av. Og når eg logga på Facebook og åpna meldingane mine så kunne eg ikkje fått ein bedre nyhet enn at eg har blitt tante til ein liten gutt! Eg er så utrulig lykkelig, og glad på Kristin og Jørn sine vegne. Gleder meg endå litt meir til å komme heim no, så eg kan sjå og holde  tanteungen. ♥

Dato.18.06.2014 klokken.05:20 Kategori: Reise Kommentarer: 0

10.06.2014

  • 10.06.2014kl.01:12
  • Kategori: Diverse
  • Kommentarer: ( 0 )

Heihei! Ei lita stund siden sist no, og siden sist har alt bere vore bra. 

Det er over 20 grader heile dagen, alle dagane. Eg har vore på farten med venner og familie, og endelig fått gått på litt meir skikkelige fester med folk eg heng med.

Og ja, det er mykje slik som ein ser på film. Med beer pong og andre lignande spel, og tønner med øl som dei heldt folk opp ned på mens dei drikk; og tell kor mange sekund dei klarer. Og ikkje minst, dei raude koppane.

I går reiste eg til Cape May i New Jersey med Annie, Mariko, og Elena. Me tok ferga fram og tilbake, og det var ein kjempefin dag til å gå rundt å sulle. Me spiste lunsj ved sjøen, og kjøpte is me spiste mens me gjekk rundt i handlegata.



Det gjenstår ein dag på skulen. Eg har ein dag igjen av Amerikansk High School. Ever. Deretter har eg 16 dager med sommarferie i Delaware før eg tar turen til DC. For to månader sidan telte eg dagane til eg skulle reise heim igjen, medan no vil eg dei skal være lengre. Dei siste to månadane føler eg at eg har funne min plass her. Eg kjenner området, veit kven eg liker å henge med, folk veit kven eg faktisk er, og ikkje minst har me ferie og fri. 



Sidan sist har eg hatt eit par eksamener. Her er ein "eksamen" ein litt lengre prøve enn vanlig. Prøver her er fleirvalsprøver, så til no har det ikkje vore så ufattelig vanskelig. I morgon har eg spansk- og engelsk-eksamen, som er dei eg må øve mest på. Etter det er eg FRI. Til ei viss grad. 

Den siste månaden har det skjedd meir enn dei 9 tidligare mnd, og eg nyt det til det fulle. Derfor blir det nok (enda) litt mindre blogging, men eg kjem no til oppdatere eit par ganger til :-)

Dato.10.06.2014 klokken.01:12 Kategori: Diverse Kommentarer: 0

Feels something like summertime

  • 31.05.2014kl.04:40
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 1 )

ENDELIG er det sommer her! Dei siste vekene har det blitt varmare for kvar dag, og vanligvis ligg det på 20-28 grader. Det er så utrulig godt!! Tilbringer fritida til å sole meg på stranda, eller jogge i finavêret. 

Me hadde langhelg i helga som var, og me samla ein gjeng etter gammalt og koste oss. Det er ein av dei siste gangane me alle kjem til å vere samla igjen, noko som er veldig rart og trist å tenke på.



I går var siste dagen til Seniors før det er Graduation den 3.juni. Det var så tomt og deprimerande på skulen i dag. Ikkje minst med tanke på at eg kunne vert Senior, men det er ein lang historie. Eg er også venn med nesten bere seniors, så det blir ei lang veke uten dei eg heng med. Må finne meg nye venner siste veka på High School. 

At dei er vekke fekk meg også til å innsjå at tida mi i Amerika er snart over. Eg har fått heimreisedato av Explorius, og i dag er det knappe 30 dager til eg sitt på flyet heim igjen til gode, gamle Norge. Eg gleder meg veldig til Year End Camp i Washington D.C, der eg skal treffe Cecilie igjen, som eg blei kjent med på Hawaii.

Ellers har eg veldig blanda følelser. Eg ser så utfattelig fram til å sjå familien og vennane igjen. Gleder meg mest til å sjå besteforeldra mine, og pusekattane, fordi dei snakker eg ikkje med over Facebook eller Skype til vanlig. Men det blir veldig trist å forlate vertsfamilien og vennane mine her. Når eg reiste fra Norge var eg jo fullt klar over at eg skulle få sjå alle sammen igjen om 10 månader, medan no har eg ikkje peiling på når eg kjem tilbake til Delaware. 



Eg er i alle fall glad for at eg har to vekker sommarferie her før eg reiser. Sommarane her er nydelige, med varmt vêr og sol. Den skal brukast godt til både tænning, sosialisering, kos, og kvalitetstid.

Dato.31.05.2014 klokken.04:40 Kategori: Feiring Kommentarer: 1

PROM

  • 25.05.2014kl.12:00
  • Kategori: Funfun
  • Kommentarer: ( 1 )

Prom var 10.mai, men tar litt tid med meg no når det kjem til oppdatering.

Dagen som eg har venta på og sett fram til sååå lenge. Den som virka evigheter til. Plutselig! var det ein dag før og eg fekk jo nesten angstanfall for at eg var glømt noko. Smykker. Cynthia tok med seg meg og Elena ut på tur for å sjå, for ho var glømt det ho og. Eg fant meg nokre øredobbar og eit armbånd. Med brukte bere sistenevnte når eg kom så langt. I grunn var eg ikkje tenkt å kjøpe det heller.

Ein bygger jo opp forventninger, og etter alt me ser på film så er det ikkje rart dei blir høge! Desverre så skuffa det litt i forhold til dei, men det var veldig gøy fordi om. Temaet var The Great Gatsby; som me har jobba med i Amerikansk Litteratur på skulen dei siste vekene.

Eg reiste med nokre venninner til ein gutt sitt hus der me tok bilder. Eg var ein av to som ikkje hadde date, så eg sto no aleine i midten. Me var der alt for lenge, takk gud for at det var mat me kunne forsyne oss så mykje me ville av! Først gjekk alle som ville ned ein promenade med daten/vennane deira. Eg venta på ei fra fotballaget eg skulle gå med, men ho fann ikkje parkeringsplass; så det blei ikkje framvisning på meg. Lokalet var grådig fint pynta, med glitter og fjær. Det gøyaste var definitivt drikkefontenene og sjokoladefontena! Venta på at nokon skulle helle sprit oppi punsjen, typisk high school movie. Desverre.. Men punchen var god uten og altså :) 



Nokre jenter bytta kjole allerede før me var komt inn i lokalet, noko om får meg til å lure på koffor dei kjøper ein kjole til opptil 1000kr. Sjølv om det var stort rom til å danse i, så samla alle seg i ein svær haug midt i, slik at dei som ville kunne danse dirty. Og eg skal loove deg at nokon tok den så langt ut dei kunne uten så ligge i ei seng. Nokon av jentene er jo venner av meg og, så eg var litt i sjokktilstand. Ikkje noko hopping med henda i været her nei! DJ'en ba om det, der han spelte dei "twerk"-sanger etc. Så plutselig skifta han over til Miley Cyrus (gamle sanger) og Jonas Brothers. Disney time!



Prom King and Queen!!



Planen var å gå på et afterparty etter Prom med nokon jenter fra fotballaget, men desverre så kom eg meg ikkje til det eg var planlagt. Eg reiste til strandhuset med nokre andre folk, og me var tenkt å ligge ute på stranda og sove/døgne. Det var før det begynte å regne. Så me gjekk inn og var. Det var koselig, men eg venter endå på at desse fotballjentene skal ta meg med, som dei har lova! 

Beklager eventuelt rot og uorden i innlegget, men eg skynda meg litt no sidan det er så lenge siden sist eg har blogga. Ha ein ellers fin kveld/dag/whatever :-)

Dato.25.05.2014 klokken.12:00 Kategori: Funfun Kommentarer: 1

Springbreak

  • 24.05.2014kl.22:49
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

I slutten av april, 19-28, så hadde eg såkalt Springbreak. Påskeferie som me kaller det; men det er ikkje lov å ha noko religionprega på skulen, så derfor endra dei navnet. 

Eg reiste opp til Washington D.C. med nokre danske venner av vertfamilien. Eg skulle eeendelig treffe mammo og pappen, Leonard, Truls, og Jeanette igjen. Eg kom tidligare enn dei, så eg venta på hotellet der me skulle bu dei to kommande nettene. Kroppen kribla som bere det, og eg skalv som eit aspeløv. Dette blei 10 ganger verre når eg skulle ta eit bilde ut viduet og såg dei i gata rett nedenfor!



Det var ein heilt fantastisk følelse å sjå dei igjen. Eg var forventa mange fleire tårer fra mi side, men eg var så overlykkelig at eg klarte bere å smile og le. Me brukte dagen på å slappe av og gå på restaurant. Det var så sjukt godt å være i deira samvær. Me var i D.C. i to dager, og brukte dei på å sjå på kjente bygg som Det Hvite Hus, Washington Monumentet etc, og museum.

Etter to dager i D.C, så leige me bil og kjørte nedover til "staten min," Delaware. Bra me ikkje fekk big bil! Men det viste seg at det var akkuratt det me trengte; med all bagasje som følger med 6 personer, i tillegg til at eg sendte ein koffert heim med mor og far. 



Dei to dagane me var i Delaware er favorittdagane mine med dei. Vertsfamilien min var så snill og lånte ut strandhuset sitt til oss, som ligg ein halvtime unna vfam sitt hus. Tirsdags ettermiddag/kveld møtte familien dei som var tatt vare på meg i 8 månader. Vertsmor gav ein liten tour i Lewes etter me var spist middag med dei. LITT kleint, men det gjekk no i grunn ganske fint. Me hadde to  flotte dager med avslapping, tennis, sykling, litt sightseeing, og anna kos. Då føltes det virkelig som feire, og godt var det å tilbringe den med menneske eg er så glad i. 



Torsdag gjekk turen vidare til New York City. Det er sant det som blir sagt, den søv aldri. For at pappa skulle sleppe å kjøre i alt kaoset midt i byen, så parkerte me bilen i Wilmington og tok toget vidare derifra til NY. Det blei ikkje mykje tråkking den dagen, men me fekk oss no ut for å ete middag/kvelds. 

FREDAG 25 APRIL var bursdagen min <3<3 Denne dagen bestemte eg at eg ville på Rockefeller Center. Sist eg var der blei eg så mållaus av utsikten at det ville eg oppleve på dagen. Det var like fint som sist! Natt til fredag blei eg overraska med blomster av skjønne kjæresten min, og etter me var spist middag den kvelden tok han meg med i hest-og-kjerre. ♥ Me hadde ein erfaren og kunnskapsrik "sjåfør" som kunne veldig mykje og svarte på spørsmåla me hadde, så den turen var vellykka. Eg er veldig glad for at eg fekk feire med familien og kjæresten, det gjorde det ekstra spesielt, og det var definitivt den beste gåva eg kunne fått. 



Det var litt dårlig planlegging frå vår side, noko som førte til ein del meir tråkking enn nødvendig. Men me klarte no alltid å ordne oss, og fekk sjå det viktigste me ville sjå. Me reiste ut i båt som kjørte til Liberty Island der me såg Statue of Liberty. Frå sjøen fekk me ein fin utsikt over Lower Manhattan. Eg og Leonard tok helikopter over byen, noko som definitivt gav ei flott utsikt! Siste dagen sykla eg og mamma heile runden i Central Park. Det er merkelig korleis du kan koble heilt fra alle lyder og støy i byen når du er der, men det var utrulig godt. Godt var det også med litt mamma-tid ♥ 



Får heller ta med et lite utklipp gøye bilder og. Gidd ikkje skrive så mykje tekst til dei, bere enjoy.



Ikkje så verst tur heim til flyplassen!



Heilt fantaaastiske 10 dager! Det var utrulig trist å sei Hadet igjen, og eg var veldig lei meg resten av den mandagen. Men tirsdag var eg fått meg litt søvn og det gjekk fint att. Eg treff dei jo tross alt  igjen om ikkje så lenge! Og då blir da haloy :)


Dato.24.05.2014 klokken.22:49 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Syttande Mai

  • 18.05.2014kl.04:25
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 1 )

Hipp Hipp Hurra!

Håper alle har hatt ein kjempeflott dag og feiring heime i moderlandet. Dager som dette når familie og venner er samla og koser seg gjer at det stikk litt ekstra i magen, og eg skulle ønske litt meir at eg var heime igjen. Men eg gleder meg over tida eg har igjen i Amerika no, som er knappe 42 dager, og ser fram til når eg endelig får sett alle igjen. 

Eg våkna så tidlig som 08.00 i dag tidlig, som ein resultat av at eg sovna tidlig i går kveld. Godt var det at eg våkna tidlig, for eg trengte tydeligvis ei stund på å lage Pavlova-kake. Eg lagde bunnen og satt den i ovnen før eg tok meg eit dusj. Når kakebunnen var ferdig reiste eg med Cynthia og Rose for å plukke jordbær. Cynthia meinte eg burde dusje etter me plukka jordbær, men det var no (takk Gud) ikkje så grådig møkkete i jordbæråkrene. 

Som deke kan sjå så datt kaka litt fra kverandre. Det ser verre ut på bildet enn det faktisk var, eg lover. Den smakte heller ikkje så verst! Men så har eg aldri smakt ei før, så eg veit jo ikkje korleis den skal smake.



Eg har hørt på nasjonalsangen og sett nokre skikkelige "norske" videoklipp på nett. Eg kjenner patrioismen stige for kvar gang eg nevner Norge i ein eller annen sammenheng. 

Sjølv om det ikkje har vert ei typisk 17.Mai med mykje styr og litt stress, så er det allerede leggetid for trøtte sjeler som meg. Eg har sovna tidlig kvar dag denne veka, og eg kjenner at i kveld blir intet unntak. 

God natt Norge ♥

Dato.18.05.2014 klokken.04:25 Kategori: Feiring Kommentarer: 1

Dag 7, og siste dag, på Hawaii

  • 09.05.2014kl.03:36
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

Me hadde seint avgang fra hotellet, klokka 9, denne dagen. Det var deilig å "sove ut." 

Turen gjekk til ei strand på andre sida av der me budde. Me tok biler i staden for buss fordi busser ikkje har lov til å kjøre ned der. Det var litt sketchy, så eg er glad me var fleire i bilen. 

Uansett så var det utrulig fint der me var! Me solte oss litt, og heile "gjengen min" sov ei stund; totalt utslitt. Det kjekkaste var heilt klart når me snorkla. Det var så mykje forskjellig dyreliv i sjøen. Det føltes som om eg var ein del av Oppdrag Nemo. Heilt seriøst, eg såg nesten alle fiskeartane som er med i den filmen! Og skilpadder! 



Eg syns me fekk ALT for lite tid der; bere 3-4 timer. Kunne gjerne vert der heile dagen, eg. Men tilbake måtte me, og me fekk ei stund på å gjere oss klar før me reiste på ein laang busstur til Lu'au.



Her var det tradisjonelle aktiviteter, mat, og show. Me fekk sjå korleis dei lagde grisen me hadde til mat. Dei låg den ned i ei grop i bakken, og der låg den i eit par timar (røyka trur eg), før dei tok den opp igjen og kutta den opp. Veldig kort fortalt. Det var veldig lange køer på alt, så me lagde oss kvar sitt armbånd og gjekk litt rundt og bere såg på det  andre som foregjekk.



Eg finn desverre  ikkje igjen bildene fra denne kvelden. Eg tok ein del, men det får gå. Det var uansett utrulig kjekt, og ein veldig fin og verdig avslutning på ei heilt fantastisk veke! Eg hadde aldri trudd at eg skulle møte så mange flotte folk som eg knytta meg så fort til, men det gjorde eg altså. Planane er klare; eg skal til København og Helsinki i nærmaste framtid :-)

Litt rot og fort skrivne innlegg, men det får holde for denne gang. Ha ein fin kveld ♥

Dato.09.05.2014 klokken.03:36 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Dag 6 på Hawaii

  • 08.05.2014kl.13:40
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

Veldig kreative overskrifter på meg når det kjem til denne turen, om eg får sei det sjøl. Men me veit i alle fall kva det dreier seg om. 

Den sjette og nest siste dagen vår på Hawaii reiste me til Pearl Harbour og USS Arizona minnesmerket. Eg skal vere ærlig og sei at det var ein grååådig lang dag. Når ein ikkje interesserer seg så veldig mykje for historie, og i tillegg er ganske trøtt i både kropp og hode, så er ikkje akkuratt dette det ein har lyst til. Men eg lærte no uansett litt nytt som eg ikkje husker. (#dårlighukommelseatterengang)

Etter ein kort guida tour på båten og litt fritid til å sjå sjøl så tok me ein liten båt ut til USS minnesmerket.

Når me endelig var heime igjen -lang dag- så skulle me i utgangspunktet på stranda og slappe av før me gjorde oss klar for å ete middag. Men Cecilie var blitt frastjelt mobilen på flyplassen på vei til Hawaii, så me gjekk på Apple for å ordne ein ny tlf til ho. Dette tok mesteparten av tida me var tenkt å vere på stranda, men me hadde det kjekt, og eg fekk no vaska skjermen og dekselet på mobilen min gratis :-)

Me låg på stranda og snakka om tampongar som lukta lavendel og gudane må vite kva me ikkje tok opp. 

♥ Minner for livet ♥ haha

Dato.08.05.2014 klokken.13:40 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Dag 5 på Hawaii

  • 07.05.2014kl.14:00
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

Denne dagen var alle 102 ungdommane delt opp i to grupper. Ei gruppe reiste for å snorkle, mens den andre gjekk på tur opp Diamond Head. Det er ein vulkan som har vert der i ca.200.000 år, men som ikkje vert aktiv på 150.000 år. Altså ingenting å bekymre seg for, satsa me på! 

Me gjekk først i ca. eit kvarter til ein park der me tøya og strakk på oss. **Sladder** Me var der mykje lengre enn planlagt fordi et par stykk kom i trøbbel for brudd av regler kvelden før. Dei blei sendt heim i løpet av veka. Så då måtte ledaren improvisere, og me lekte ein "spansk" lek som faktisk var ganske morsom. Etter å sikkert ha vert der i nærmare ein time gjekk me vidare, og begynte turen opp mot toppen.

Dette var forresten utrulig søtt. Dei var lagd til falsk snø før barna i barnehagen, og kledd på dei kjeledresser og votter, midt i 25 grader. 



Tenkte når me begynte å gå at eg skulle gjerne tatt buss opp. Men det viste seg å være ein veldig fin tur, og ikkje så slitsom som forventa.

EG har tatt dette bildet!! Er så sjukt



Det var deilig å kjøpe seg ein iskald smoothie når me kom ned igjen, sjøl om eg helst ville vere der ei stund lengre. Men me hadde eit tidsskjema me skulle følge, og etter eit par timer avslapping på hotellet reiste me ut igjen til eit stort, utendørs kjøpesenter. Me spiste middag på Bubba Gump, som har henta inspirasjon fra Forrest Gump. Derfor hadde me quiz før maten om akkuratt den filmen, og eg vant ingenting. #dårlighukommelse

Me fekk bere 2 timer på å shoppe når me var ferdig å ete, og to timer er ikkje nok for meg. Eg husker ikkje om eg kjøpte nåke (#dårlighukommelse), men eg gjekk rundt med ei venninne som i alle fall fekk med seg ein handlepose heim. 

Min danske pige ♥

Sovna i alle fall kjapt den kvelden, totalt utslitt etter mykje gøy!

Dato.07.05.2014 klokken.14:00 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Dag 4 på Hawaii

  • 06.05.2014kl.13:00
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

Opp og hopp til ein normal-tid-for-Amalie-frokost. Klokka 9. Nei det er faktisk ikkje så uvanlig for meg det, no. 

Dag 4 gjekk turen til Pali Lookout. Det var ei kjempefin utsikt, men det som stakk seg ut var nok kor mykje det blåste der oppe. Det var ikkje noko sjakktrekk av meg å bruke kjole den dagen. 



Etter at alle var tatt sine obligatoriske bilder så tok me turen videre til Waimanalo Beach. På veien dertil stoppa me for å kjøpe mat på Whole Foods. I mitt desperate forsøk på å finne mat som var OK til ein person, så kom eg i snakk med nokre jenter som viste seg å bli mine beste venner på Hawaii. Heilt tilfeldig stod eg der i matbutikken og spurte ei om ho skulle ha ein heil pose chips, så svarte ho at ho skulle dele den med nåken andre, og at eg og kunne dele med dei. Og woops så blei me venner. Food is life. 


Paradis




Liker dette bildet fordi alt er så rotete. Det var så mykje vind at det var umulig å få gode bilder. 


Beste finske jenta ♥ 



Me hadde tautrekking og fotballkamper. På eit tidspunkt hadde me dansekonkurranse, og 5 min før den skulle starte kom ein av ledarane bort til meg og ei anna norsk og sa "Are you from Norway? You should probably start making a dance, everyone else have been working on theirs for a while." Så då sprang me rundt og samla alle jentene fra Norge; gutta var kjipe. På fem minutt kom dei fram til at dei skulle følge meg. Sånn går det når du har mange ideer. Men me fekk no gått gjennom det 1-2 ganger før konkurransen var on. Av alle land, TIL OG MED BRASIL, så vant me!! Og me dansa til VANNSKI! Hahaha, ååh det var gøy. Det var som å vere i Paradis. Lange kvite strender med lyseblått hav. Me slappa av, spiste (food is life), og bada heile dagen lang.  Det var ingenting å stresse med, og alle bekymringer var virkelig lagt til sides. Perfekt dag.

Dato.06.05.2014 klokken.13:00 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Dag 3 på Hawaii

  • 05.05.2014kl.05:16
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

Tidlig opp og eg merka jetlaget begynte å slå inn. Men ikkje nåke å bry seg om når eg var på Hawaii! 

Me reiste til et av dei to palassa i heile USA. Ein konge kalla for King David Kalakaua bygga det "for" Hawaii. Det var faktisk det første som hadde innlagt vatn og elektrisitet. Palasset ble for det meste brukt til statlige besøk etc, og fester. Etter kongen døde og dronning Lili'uokalani tok over, så prøvde ho å styrte monarkiet og blei fengsla i et rom i palasset/slottet. Me gjekk ikkje inn, men tok et par bilder utafor. 







Me brukte ikkje så lang tid ved slottet, og når den lille touren var ferdig kjørte me vidare til Dole gården der me fekk gå rundt i knappe 45 min og gjere kva me ville. Eg kjøpte verdens beste "pinapple mash" og et armbånd med mitt Hawaii'an navn på. 



Denne dagen var fylt opp med aktiviteter. Etter knappe 45 minutt, som definitivt ikkje var nok, så måtte me forlate Dole-farmen igjen. Me reiste videre til "Haleiwa town" der me spiste lunsj og gjekk rundt i ca.2 timer før me kjørte litt rundt og såg på strendene og klippene fra bussen. Dei eg var me gjekk på sushi-restaurant, og eg som er såå glad i fisk bestile meg salat. Deira matfat såg ein del meir fancy ut enn mitt. 


So Hawaii'an ♥





Me kjørte videre til Polynesian Culture Center. Eit "senter" med mange forskjellige små og store ting som representerte korleis kulturen på Hawaii har oppstått og utvikla seg gjennom åra. Når me først kom var me på eit show der det var tre frivillige oppe på scenen, inkludert ein fra vår gruppe; og det var hysterisk. Eg lo nesten så eg grein. Etter det var me fri til å gjere kva me ville i eit par timer, før me gjekk på eit kveldsshow der null fotografi eller lydopptak var tillatt. Det varte ei stund, men det var så sjukt bra! Eit av favorittminnene mine er dette senteret, det var så kjekt å lære om deira kultur.








*Før showet starta*

Dette var desidert ein av dei mest hektiske dagane, men også ein av dei kjekkaste. Lærte mykje om kulturen til folket på Hawaii, og lo veldig mykje :-)

Dato.05.05.2014 klokken.05:16 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Dag 1 og 2 på Hawaii

  • 19.04.2014kl.07:21
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

Bedre seint enn aldri. 

No er det ei veke siden eg kom heim igjen fra Hawaii. Må sei eg var ganske nedfor når eg kom heim til ein del grader mindre, og skule igjen. Skulle gjerne vert ei veke (eller tre) lengre. 

Reisen starta ikkje så veldig bra. Eg fann ikkje passet mitt når me skulle reise heimifra. Eg har enda ikkje funne det igjen, men heldigvis ordna alt seg og eg kom meg gjennom alt nødvendig på flyplassen. Flyet mitt landa på Hawaii rundt tre-tida om ettermiddagen. Etter å ha gått gjennom sikkerhetssjekk, henta bagasjen, og halvannen times busstur, så var me endelig framme på hotellet i seks-tida. Me sjekka inn på hotellrommet vårt for den kommande veka, og gjekk deretter rett til middag der me også fekk ein kjapp gjennomgang av regler etc. Altså ikkje noko tid til å utforske øya.

Dag 2 gjekk me fra hotellet til strandplassen me skulle slå leir ved den dagen. Stranda var bare ei blokk fra hotellet, men katamaranen og surfeleiren var litt lenger unna. Me var på forhånd delt inn i fire grupper, og alle gruppene hadde aktiviteter til forskjellige tidspunkt på dagen. Eg reiste ut i katamaran klokka 13.00, og surfa 15.00. Tida før kunne eg bruke på det eg ville = stranda. 



Samtale mellom meg og surfeinstruktør:
Instruktør: "Where are you from?"
Eg: "Norway, most people here don't know where it is, it's next to Sweden." 
Instruktør etter ein liten pause: "Yea, I know, Oslo is the capital right?"
Overraska Amalie: "Yes! Yes it is. I'm not from Oslo though, I'm from Bergen."
Instruktør: "Yea I know Bergen. You know Gabreil?" *Eg ser forvirra på han* "Grabeil? Reng megg?"
ENDA meir overraska Amalie, ein smule sjokkert: "YES?? Yes I know her! How do you know about her and that song?!" 
Instruktør: "I was hanging out with her here for three weeks before she became famous."

Er ikkje sikker, men syntes å huske han sa noko om at han var vert i Bergen eller Oslo med ho og.. Herregud, verden er så liten.  

Etter mykje aktivitet og forsøk på å bli brunare gjekk me heim og gjorde oss klar for å gå ut å ete. Me gjekk ut på middelmådig restaurant og vandra litt rundt etterpå. Eg gjekk "tidlig" heim og sovna utslitt. Paradis fra dag ein!

Dato.19.04.2014 klokken.07:21 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Forskjeller mellom USA og Norge

  • 31.03.2014kl.04:07
  • Kategori: Diverse
  • Kommentarer: ( 0 )

Forskjellene mellom USA og Norge varierer nok fra kvar du er, men her er ei oppsummering basert på egne erfaringer.

SKULEN:
Eg har eit elsk-hat forhold til skulesystemet her. Eg begynner på skulen 7.55, og me er ferdig 14.55. Me har åtte fag. Mandag har me "strip day" med alle faga. Tirsdag og torsdag har me "odd day" med bere 4 klasser, og onsdag og fredag er det "even day" der me har dei faga me ikkje har odd days. Lunsj er mellom 5 og 6 time i 40 min. Kvar morgen må me reise oss og stå i retning det amerikanske flagget som heng i kvart klasserom og sei "The Pledge of Allegiance." I pledge allegiance to the Flag of the United States of America, and to the Republic for which it stands, one Nation under God, indivisible, with liberty and justice for all.

Det er generelt mange reglar, med dresscodes etc. Me blir behandla som små unger, og det er ikkje mange lærarar som stoler på deg. Me får dag til dag lekser kvar einaste dag, og me har 5 minutt på å komme oss fra klasse til klasse. Rekk me det ikkje blir me "tardy." I tillegg så har me ikkje pc, og må skrive for hånd heile tida. Det er mykje mas og kjas, og eg savner å sitte på dataen, ete ein heimelaga skikkingsbolle fra kantina og bere ta det med ro. Savner It'sLearning. Eg veit ikkje om eg liker eller ikkje liker at det er fleirvalsprøver her, det kjem nok til å slå tilbake neste år. Men noko eg definitivt liker er den amerikanske school spirit'en. Alle er så støttande og stiller opp på kamper for å heie fram laget sitt. Eg har mange gode minner fra spesielt fra amerikansk fotball-kamper. 

RELIGION:
Eg har heldigvis ikkje komt til ein super-religiøs familie. Det hadde nok fått fint det og, men sånn som det er no så går eg i kirka kvar søndag i halvannen time. Folk er generelt sett meir religiøse her, og "In God we trust" og "God bless America" kan ein sjå her og der. Heime er det slik at ein ofte konfirmerer seg uten å ha ei sterk tru på Gud, og eg kjenner ikkje så mange som går i kirka utenom julafta. Det har vore et par ting eg har reagert på i kirka, men utenom småting så har det gått overraskande fint når det kjem til religiøse forskjeller. 

MENNESKER:
Folk er så velkomne og gjestfrie her. Dei er meir åpne og slår lettare av ein prat. Om eg står i kø eller bere går forbi nokon på gata så kan dei begynne å snakke til meg, og det er som oftast ikkje kleint. Det er alltid hyggelig når dei spør om korleis det er i Norge og korleis kulturen er der, sjølv om mange av spørsmåla kan vere dumme. I tillegg så er amerikanere ti ganger flinkere til å gi kompliment. Trur eg trygt kan sei at nokon seier noko fint om/til meg kvar dag, enten det gjeldt håret, sminka, eller klærne mine. Det har likevel vert litt vanskelig å få seg nære venner. Folk er hyggelige, men dei har sine grupperinger og vennegjenger som dei har hatt sidan dei gjekk i barnehagen. Når det gjelder gutter så er det vanskelig å vite om han snakker til deg pga. han syns du er hyggelig, eller om han bere vil få seg noko. Eg syntes amerikanere er veldig greie, men dei har lett for å lage drama og stress for småting. 


TEKSTING:
I Norge betyr det ikkje noko om ein tekster med gutt eller jente, venn kan dei vere uansett. Her har eg fått inntrykket av at dersom du tekster med ein gutt så kan han lett tru at du er interessert, eller så trur  andre at det er noko på gang. I begynnelsen hadde eg ingen nummer, og brukte såvidt mobilen. Men no som eg har fått venner (woho) så blir den tatt meir i bruk. Heime eg er alltid tilgjengelig og tekster mykje, så her tekster eg som vanlig; med gutter og jenter, uten å tenke meir over det. 

MOTE:
Når det kjem til stil og mote, så finn ein alt mulig. Før eg kom var eg forberedt på at alle brukte slengbukser og t-skjorter, men eg blei overraska med at det er ganske likt som i Norge. Nåken pynter seg kvar dag i søte kjoler, skjørt, topper og jeans, mens ande går i uggs, yogapants, joggebukser, jeans med sleng osv. ALLE (føles det som) går med flipflops når det er varmt. Eg har nok endra litt på korleis eg kler meg. Før gjekk eg ofte i joggebukser og hettegensere, men no pynter eg meg litt meir og for det meste sørger eg for at eg ser representabel ut. Gleder meg veldig til det blir litt varmare så eg kan gå med kjole! Trur aldri eg har gått med kjole på Aheim vgs.

FEST ETC:
Det er ikkje like hyppigt fest i helgene her som heime. Men dersom du reiser på fest så er det den som holder festen som sørger for drikka. Aldersgrensa for å drikke alkohol her er 21 år, og det er fleire som røyker weed enn som drikker. Det er enklere å få tak i enn alkohol, og det er heller ikkje noko big deel å røyke. I Norge blir ein ofte sett ned på om ein røyker, men her er det heilt vanlig og dei fleste eg kjenner har prøvd det.

MAT:
Årrhhhh.. Det er så mykje godt over alt! Eg er nok ein av dei få som kan sei dei kom heim fra utvekslingsår i USA meir trent. Eg var klar over at det kunne vere ein fare for at eg kunne legge på meg, og har vore flink til å passa på å ete passande mengder mat. Som dei fleste veit er det mykje fast food her, men det er også mange fine, gode, og sunnare alternativ. Eg elsker at det er så mykje å velge mellom, og at det er så billig! Det kjem eg virkelig til å savne når eg kjem heim igjen. I det siste har eg gått meir ut og spist med venner, noko som er vanlig her. Folk går mykje meir ut og spiser, og maten skal helst bli laga fort. Når eg er med venner så kan me fort finne på å lage cookies eller spise iskrem midt på natta. Så no takkar eg for fotballtrening 5 ganger i veka, og treningssenter i gåavstand. Heldigvis så har eg vert så heldig å få ein relativt sunn familie, og me har alltid ein type grønnsaker til middagen. Savner likevel norsk mat så ufattelig mykje!!

RANDOM:
Det er drivethrough over alt. 
Dei aller fleste som har fylt 16 år har sertifikatet, noko som er utrulig hærlig og gjer alt tusen ganger lettare.
Det er for det meste lik musikk her som i Norge, men eg føler det er meir "småband" her som mange liker. 
Når det kjem til dansing så er det ikkje hopp-opp-og-ned-med-henda-i-været-dansing som er meir vanlig heime, men heller grinding og twerking.
Folk tar med seg det me ser på som snop til lunsj, men for dei er det meir vanlig snacks.
Alt er så mykje billigere. Altså, la meg bere nevne 1 dollar menyene på McDonalds, der du får hamburger etc.. for 6 kroner!

Det er veldig mykje meir å sei om forskjellelane, men dette får holde for denne gang. 

Dato.31.03.2014 klokken.04:07 Kategori: Diverse Kommentarer: 0

Under overflaten

  • 24.03.2014kl.02:52
  • Kategori: Blogg
  • kommentarer: (2 )

Mammo mi minte(?) meg på at det er ei stund siden eg har skrevet om korleis det egentlig går her no. Eg skriv som oftast om det overfladiske, mest på grunn av dårlig tid. Men no, seint ein søndagskveld når alle lekser er gjort, så får eg ta meg tid. 

Eg har under 100 dager igjen av mitt utveklingsår. Foreløpig. Flybilletten kan endå blir endra på. For to månader sidan hadde eg kryssa fingrane for at den ikkje blei det. No er det motsatt. Eg har så lyst til å ha litt lengre tid og sommarferie ilag med venner, og eg har sinnsjukt lyst til å oppleve 4.juli. Fotballaget har hatt ei stor betydning. Før eg begynte på laget visste eg kem fleire av jentene var, og eg helste på dei når eg traff dei. Men det var ikkje før treningane begynte at eg følte meg meir som ein del av noko. 

Endå savner eg venner og familie heime, såklart eg gjer. Men eg veit dei er der uansett kva for ei tid eg kjem heim, mens dei eg har her veit eg ikkje med sikkerhet når eg ser igjen. Eg har ikkje mange nære venner her, men eg både frykter og håper at det kan endre seg. Det skjer i alle fall meir, og dei siste helgene har eg såvidt vore heime. Overnatting og middager med venninner; sist i natt, noko eg no nesten angrer på då det ikkje blir så mykje søvn. Men eg slapp no å gå i kirka, hehe.. 

På skulen går det veldig fint. Eg har minst ein 4'er i alle fag, og det er for det meste lett å holde følge. Lærarane her er strengare på innleveringer og heimelekser, og det går ut over karakteren om du ikkje gjer dei. Men prøvane er derimot mykje lettare enn i Norge; fleirvalsprøver ♥♥♥

Det er gode og dårlige dager når det kjem til å bu med ein vertsfamilie. I dei fleste familier, biologisk eller ei, så er det småting som kan irritere vettet av deg. Etter sju månader har eg lagt merke til dei fleste småting, og til tider så er det like før det klikker for meg. Men det er nok ting eg og gjer som irriterer vertsfamilien min, så eg prøver å ikkje la det gå til hodet på meg. Om det gjer det, så går eg på rommet for meg sjøl, noko eg hadde gjort om eg var heime og. Før eg reiste heimifrå så gleda eg meg til å komme vekk fra maset til mamma og pappa, mens no har eg innsett at det ikkje var så gale.



Alt i alt så er ting ti ganger bedre enn dei var for nokre veker sidan. Eg finn på mykje meir, og på grunn av dette snakker eg meir engelsk. Må nevne dette, då det verka i hodet og tunga slo krøll på seg når eg snakka med mamma i går. Det blir sagt av mange at våren og sommaren er den beste tida, og det har eg trua på. Ser fram til nokre veldig fine mnd framover. 

Dato.24.03.2014 klokken.02:52 Kategori: Blogg Kommentarer: 2

Hawaii

  • 20.03.2014kl.00:00
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

No er det knappe 16 dager til eg tar turen til Honolulu, Hawaii!! Herreguuud! Eg får reise til ein av drømmedestinasjonane.



Eg reiser via BELO USA, sammen med andre utvekslingselever fra heile verden. Det er lagt opp eit program for heile veka. Den første dagen kan me bruke til å sjå oss rundt og bli kjent med området ettersom dei fleste utvekslingselevane kjem på ulike tidspunkt. Dag nummer to skal me til Waikiki Beach og (prøve å) lære oss å surfe, før me tar turen videre med katamaran til vulkanen Diamond Head. Neste dag skal me først til Iolani Palace som er det einaste kongelige i U.S, og me skal besøke nordkysten og eit Polynesisk kultusenter.



Dag nummer fire skal me til "Pali Lookout" som er ei klippe med ein av dei beste utsiktene på O'ahu. Resten av dagen kan me bruke på stranda. Onsdag, dag nummer fem, skal me gå til toppen av Diamond Head før me slapper av i Waikiki og shopper på O'ahu's største kjøpesenter. Neste dag skal me besøke Pearl Harbor og USS Arizona minnesmerket. Resten av dagen blir brukt på Waimanalo stranda før me reiser til hotellet igjen. På fredag som er den siste heile dagen skal me snorkle og reise rundt for å oppleve aktiviteter og kulturen på Hawaii. Lørdag er det heimreise igjen, og bere ei veke til eg får besøk av folk eg er veldig, veldig glad i ♥

Eg gler meg utrulig mykje og klarer såvidt å vente på dagen eg kan sei "Aloha Hawaii."

Dato.20.03.2014 klokken.00:00 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Scrimmage

  • 17.03.2014kl.19:31
  • Kategori: Diverse
  • Kommentarer: ( 1 )

Dei to siste vekene har eg vert opptatt med skule og fotball, for det meste. I helgene har eg spelt cup, eller såkalt "scrimmage", med laget. Eg har det beste laget her, med ein gjeng gode jenter som eg kjem veldig godt overens med. Dei er inkluderande og snille, alle sammen. Eg syns såklart det er litt dumt at eg ikkje spelte fotball i høst så eg fekk bli kjent med dei då, men eg får gjere det beste ut av dei siste månadene eg har her.

I løpet av den tida eg ikkje har blogga så har eg tatt litt bilder. Eg prøver å vere flinkere til å oppdatere på instagram no @amaliemaroy.

Trakk fram mine fantastiske kokke-evner igjen. 

Eg har som sagt spelt cup dei to siste helgene, me har ikkje tapt ein einaste kamp/6, uavgjort to av dei. Satser på at det heldt seg sånn når dei "skikkelige" kampane begynner. 

Eg har vert på team dinner, og filmkveld med nåken av jentene. Hadde den beste desserten EVER etter middagen. NAM.



Etter team dinner så gjekk eg og et par andre å såg i butikkane rundt om. OG DÅ FANN EG MEG KJOLE TIL PROM. Blei så glad! Eg var litt skeptisk til om eg skulle kjøpe den, det er tross alt den første og einaste kjolen eg har prøvd til prom. I tillegg så er den kvit, og eg kan derfor ikkje bruke den i f.eks. bryllup seinare. Men eg kjem nok til å selge den etter prom, så det spiller ingen rolle. 



I går reiste Tim, Rose, og eg til ei øy med ville hester på, i Maryland. Bere fordi; ei lita utflukt. Det var koselig, men kjempekaldt. Derfor kjørte me for det meste bere rundt og såg på ting i fra bilen, men når me såg ponniane så gjekk me ut og helsa på, sjøl om me kunne få bot for å klappe/mate dei.

På vei tilbake stoppe me for å sjå boardwalk'en i Ocean City i Maryland. Det var ikkje mykje action der no, men bere av å sjå det så kan eg tenke meg kor utrulig gøy det er der om sommaren.



Lørdags kveld gjekk eg i kjole og det føltes som ein sein sommarkveld, og i dag våkna eg opp til snø og veldig kaldt vær.



Er det mulig. No er eg dritt lei snø, og syns den kan holde seg vekke fram til november. Sommarkjolane heng klare og ber om å bli brukt, og eg ber og sol, varme og dager på stranda. 

Dato.17.03.2014 klokken.19:31 Kategori: Diverse Kommentarer: 1

Fastelaven gjør godt i maven

  • 04.03.2014kl.02:27
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Snakka om å jinx'e været!! Eg skreiv forrige veke at vêret var så fint, og eg håpa det holdt seg sånn. Vel, sånn ser det ut no;

Så i dag har me hatt fri fra skulen. Det er mulig me får fri i morgon og, i hope. Er så skulelei at det fins ikkje ord. Me har begynt med fotball no, og det einaste kjipe med å ikkje ha skule er at det også betyr null trening. På lørdag var det tryouts som varte i cirka 2 1/2 time. Først sprang me så fort me kunne rundt bana som er 400m, så hadde me ein intervalltest fram og tilbake fra 0-10-0 yards, 0-20-0 yards, og sånn gjekk det opp til 50. DÅ var beina gelé. Etterpå dribla me litt så trenarane fekk eit visst inntrykk på korleis me var med ball i beina, og resten av treninga spelte me. Me blei delt opp i fire lag, og på det eine laget var alle varsity (dei beste og eldste) spelarane. Han sa at han plasserte meg bevisst på eit svakare lag for å sjå korleis eg gjorde det under press. Både trenar og andre spelara sa at eg definitivt kom til å spele på varsity. Heldigvis.

I går var det fastelaven, og norsk-mat-elskar som eg er hadde grådig lyst på fastelavensboller. Så derfor lagde eg det. Eg fann oppskrift på nettet, oversatte ingrediensene slik at eg kunne få hjelp til å finne det som trengtes, og det var det. Lett. Som mamma seier; eg kan når eg vil! 

Eg såg ut som eg var sett et spøkelse, så måtte fiksast litt på.

Og sååå fine blei dei til slutt! Litt små, men go' var dei.


Dei smakte ikkje så verst heller. Var naturligvis ikkje heilt det samme, men close enough. I dag hadde eg lyst til å bake skillingsboller, men fekk aldri sulla meg til det. Men me fekk nettopp ein telefon om at skulen er stengt i morgon og, så eg får sjå kva som blir gjort då. 

No skal eg sjå film og eta ♥oreo icecream♥

Dato.04.03.2014 klokken.02:27 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Treige dager

  • 24.02.2014kl.00:01
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

Forrige helg var eg å såg på min første basketball-kamp. Det var skulelaget som spelte, men med det engasjementet og schoolspirit  som var, så føltes som om det var ein langt meir viktig kamp enn ein på skulen. Det var veeeeldig gøy, og eg angrer litt på at eg ikkje har fått dradd med meg folk på kamp tidligere; for dette var siste heimekampen. Eg hjalp også til med å dekorere til Valentinsdans for dei med autisme. Det blei kjempefint, syns no eg.

Valentin, valentin, valentin, valentin.

Og litt Jarlsberg (?!)


Haha, herregud, eg syns dette var så kult. Hadde aldri sett noko sånt i Norge.

Denne veka har gått heilt sinnsjukt treigt. Eg har hatt fleire prøver kvar einaste dag, og kvar time har snegla seg avgårde. På torsdag begynte eg endelig å kjøre, noko som gjekk veldig fint sjølv om det er ei stund sidan sist. Drivers Education er ferdig i begynnelsen av april, og i løpet av dei neste to vekene så er eg visst ferdig med all kjøringa som hører til. Eg var nervøs for første kjøretime; ikkje for å kjøre, men for kjørelæraren. Ho skremmer meg, men etter ein time i bilen med ho og kjørepartneren min så blei ho litt mindre skummel. Fredag satt ho til og med og såg på "Funny Cat Vines" når eg kjørte. 

I går brukte eg dagen på å late meg så til de grader. Eg gjorde bittelitt lekser, skypa, låg i senga, og spelte spel på mobilen. That's it. OG eg åt masse kinamat nom nom men fekk ilt i magen seinare bu hu. I dag reiste eg, Tim, og Rose til New Jersey for å gå i dyreparken dei har der. Det er fire år siden sist eg var i dyrepark og været er så utrulig fint her no, at det var ein fin dag å gå på. Ute er det vår med rundt 15 grader og steikande sol. Håper det heldt seg sånn.

I dyreparken hadde dei dei finaste snø-leopardane nokon sinne. Har aldri sett nokon før då, men eg smelta heilt!

♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥

Dato.24.02.2014 klokken.00:01 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Saint John the Divine

  • 10.02.2014kl.21:48
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

Denne helga har eg vert i New York med ei gruppe fra kirka. Me reiste til og overnatta i den lengste katedralen i verden. Eg var utslitt når me kom fram i seks-tida, men sidan me var der på "nightwatch" så måtte eg holde meg våken til klokka 01-01.30. Dei holdt oss i live med forskjellige aktiviteter og litt sang, og det var ein veldig kjekk tur. Annerledes, men gøy. 

Katedralen var utrulig fin. Den var full av detaljer i både bygning og vindu. Det var definitivt verdt å tilbringe fredagskvelden der, og med godt selskap i så blei det komplett. 

Eg satt meg ned og spelte den eine sangen eg huska på gitar fra 7.klasse, Love is all around me, og så joina litt av bandet som spelte der meg. Det var så gøy å sitte på scenen å synge og spele gitar at eg trur eg må endre yrkesretning.



No etter nyttår pøser lærarane virkelig på med tester, prøver og innleveringer. Eg har to nye fag dette semesteret, Drivers Ed og Psychology, og utenom bytting av dei to faga så er alt som normalt her borte. Det er ikkje bere i Norge ein blir lei av skulen; det blir ei vane og kjedesak (?) her og. Men innimellom alle desse skulevekene så har me ein del langhelger og springbreak, heldigvis. På skulen er det valentin for alle penga, det er "valentins-kamper" og du kan "kjøpe" sanger fra koret som dei syng til den du vil. Eg har tenkt til å kjøpe til nåken av vennene mine, så får eg heller sende ein sang over nett til kjæresten. 

Happy Valentines ♥

Dato.10.02.2014 klokken.21:48 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Polar Bear Plunge

  • 06.02.2014kl.04:33
  • Kategori: Lewes
  • Kommentarer: ( 0 )

Søndag som var, var det den årlige Polar Bear Plunge DE. Det starta for et par tiår siden med 70-80 personer, og i år var det over 3000 påmeldte. Ei stund før klokka var 13.00 samla folk seg på stranda, og når det nærma seg gjorde alle seg klar for å springe uti. Eg, Elena og Annie stod midt inni folkemengden, og sjølv om eg sikkert hadde tvunge meg uti uansett så hjalp det å vere omringa av tusenvis av andre som gjorde det samme. 

Det var 10 grader i lufta, og me bada i iskalde 1.1 grader!! Forfriskande. Næt. Trur ikkje eg kjem til å gjenta dette om et år. Kanskje før 1.mai i forhold til russeknuter, men aldri frivillig. 

I dag har eg stort sett gjort lekser. Årh, kor mykje lekser me får no. Trur lærarane har ein felles plan om å gje oss alt på ei og samme tid, for å så ha ein periode der me nesten ikkje får lekser i det heile tatt. Eg må i alle fall legge vekk ein del tid til det no.. og ENDELIG har eg fått den nye mobiltelefonen min til å funke. Etter mykje stress og irritasjon over tlfselskap så fann me endelig ei løysning eg kan leve med. Var vel på tide etter 5 mnd, men bedre seint enn aldri? Har no uansett ikkje så mange nummer herifra å lagre.

På tide å få skjønnhetssøvnen etter ein lang dag. Så får me håpa eg ser litt bedre ut i morgon enn eg gjorde i dag :-) God natt!

Dato.06.02.2014 klokken.04:33 Kategori: Lewes Kommentarer: 0

Halvvegs der

  • 30.01.2014kl.04:48
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

Er det ikkje egentlig litt rart, det heile? Ein reiser til ein fremmed (heilt ukjent for min del) familie, til folk du ikkje veit om det vil gå bra eller dårlig å bu med i 10 månader. Du forlater mammo og pappen sin heimelaga mat for nye smaker, den behagelige senga di for nye sengetrekk, den velkjente bygda for noko som like godt kunne vert Amazonas.. 



Alt er så fremmed, og du blir skremmande fort vant med det. Det er skremmande fordi du veit at det ikkje varer så lenge. Skremmande fordi alt er nytt. Det er så lett å bli opptatt med kva som skjer i Norge. Er det heimelaga mat til middag? Har dei skifta sengetøy no? Kva er siste nytt? Ein må bere hive seg i det. Sei til seg sjølv at den heimelaga maten og den gode, varme senga di vil alltid vere der når du kjem tilbake. 

Eg har vore her i fem månader no. På desse fem månadene har eg fått så utrulig mange nye minner. Eg har vore på homecoming, feira halloween, feira thanksgiving, feira jul og nyttår, i Amerika! Innimellom dette har eg vore med nye venner og familie og reist rundt, eller bere lagt i sofaen og snakka. Det har vore ein del vanskelige perioder og, der eg har lurt på om dette var ein god idé. Sjølv om eg er i tvil der og då, så ender det alltid med at "Ja, dette er endå ein god idé."



Det eg opplever no opplever eg bere ein gang i livet. Eg må ta vare på det og leve i nuet. Ikkje tenke for mykje på andre ting som ikkje er relevant for meg no når eg er her. For tida går så alt for fort, og om fem månader eg er tilbake i Norge igjen (og GUD KOR EG GLER MEG).

Dato.30.01.2014 klokken.04:48 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Teletubbies in winterland

  • 22.01.2014kl.22:16
  • Kategori: Lewes
  • Kommentarer: ( 1 )

Hei igjen. Allerede to veker siden sist eg blogga. TO VEKER?! Hæ, føler det er 5 dager siden. 

Denne helga har me hatt laaaanghelg; fri fredag og mandag. I tillegg fekk me early dismissal fra skulen klokka 12 i går på grunn av ein vinter storm som var på vei, og i dag har me hatt heile dagen fri på grunn av "all" snøen og kulden som medfulgte. Tåpelig? Kanskje, men eg skal ikkje klage. 

I dag var Elena og eg ute i snøen for å ta litt bilder mens den endå er her; i våre finaste onsie's, med matchande huer. 





Utanom vinter og snø, så har eg begynt igjen med fotball. Det er under to månader til tryouts og skikkelig oppstart, og eg gleder meg veldig til å spele kampar igjen! Eg er ferdig med 5 av 8 mid terms, og føler eg mestrer alle faga på skulen. Skulen i seg sjølv er ikkje så veldig gøy. Eg syntes framdeles det er for strengt, og dei behandler oss som unger her.

Når eg ikkje er på skulen så går det for det meste i trening og How I Met your Mother. Innimellom er eg med folk utanom skuletid. Folk er ikkje så flink til å invitere, og eg er ikkje flink til å invitere meg sjølv. Men, treninga gjer i alle fall utslag, og det liker eg! HAha, dei fleste legg på seg mykje i løpet av utvekslingsåret sitt, med meg er det heldigvis motsatt :-)

For det meste er eg litt for lat eller opptatt til å blogge, men ting går bra! sånn btw

 

Dato.22.01.2014 klokken.22:16 Kategori: Lewes Kommentarer: 1

Kalde dagar

  • 09.01.2014kl.03:05
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 1 )

Brrr... Det har vert kaldt her den siste veka. Kaldt vil sei omkring -10 til -15 grader. Til mitt forsvar så har eg ikkje alle vinterkleda mine her. Men det er no likevel fint ute, og sola skin. Eg fekk faktisk vår/sommarfølelse når eg gjekk heim fra skulen i dag og hørte på sanger som minner meg om sol, syden og sommer.

Mandags kveld ringte dei og sa me fekk fri tirsdag på grunn av kulden. Når vertsmor fortalte meg det begynte eg å le. Det var så uvirkelig. Minus tolv grader og her sitt eg heime på grunn av at det er "så kaldt". Jaja, skal ikkje klage. Det blir nok ein once in a lifetime opplevelse. Fekk brukt store deler av dagen på nyttige ting som lekser og trening :-) ...og resten til å ete is og sjå på tv.

Veldig bra dag i dag, forresten! Må bere få sei det, wiiih, er så glad! Ingen spesiell grunn, har bere mange gode følelser inni meg!

Dato.09.01.2014 klokken.03:05 Kategori: Blogg Kommentarer: 1

2014, herregud

  • 06.01.2014kl.01:18
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 0 )

No er me allerede i eit nytt år. 2014, herregud. Eg husker endå tida fra SFO, all den gode maten, og dei gøye leikane. Når me blei gammal nok til å bruke pc'ane, og sprang bort til datarommet for å få dataen i kroken. Når me sneik oss inn i gangane fordi det var så kaldt ute. Bilder med venninner på toaletta; foran speilet med trutmunn (det gjer me no endå, då, men). Dei kjekkaste musikktimane på jord, med goaste Johannes. Alle gangane eg, Julianne, Monica og Renate satt på bosspanna ved fotballbana og snakka om "drama". 7.klasseturen, og kor redd me var når me sneik oss ut om natta, og kor modige me følte oss. Den triste 7.klasse-avslutninga, og korleis me lova at me "alltid skal holde kontakten." 



Eg føler eg nettopp begynte på ungdomsskulen. Dei første kleine vekene der du ikkje heilt visste kor du skulle gjere av deg, og det endte med at nesten absolutt alle stod utafor ei spesifik dør. Når eg begynte å få nye venner, som fort blei gode venner. Alle gangane eg har gått gjennom kem som er mine ekte venner og kem som er der for meg når eg treng støtte. Turneringane. Brekko. Utstillingshallen. Alle dei gangane me snakka om kor mykje me gleda oss til vidaregåande, og ikkje minst til å vere russ. Eg føler eg nettopp reiste på ein sinnsjukt koslig klassetur som eg gjerne skulle opplevd igjen. Den triste 10.klasse-avslutninga, der me lova at me "alltid skal holde kontakten."



Så var det eeendlig tid for å begynne på vidaregåande. Eg husker godt første dagen der me satt i kantino, spent på kem eg skulle gå i klasse med. Eg kjente jo så godt som ingen. "Gjengen" på ungdomsskulen blei splitta i forskjellige klasser på forskjellige linjer på forskjellige skuler, men me heldt kontakt. To av oss har reist til Amerika for å studere 2.året her, men me heldt kontakt. Eg har mange gode, nye venner fra vidaregåande, og me heldt kontakt. Eg går ut i fra at ein veks opp og finn ut kem som alltid vil vere vennane dine. Det er ein tung "prosess", for du mister mange.



Eg har ingen nyttårsforsett i år. Dei tinga som eg vil forbedre meg på har eg tenkt på lengre enn dagen før 1.januar. Det er faktisk mulig å starte et nytt og bedre liv før jorda har gått ein gang til rundt sola. Eg har sagt til meg sjøl at eg skal bli flinkere når det kjem til ting som hud- og hårpleie, mat, trening, og tanker. Rett og slett å ta vare på meg sjøl. Eg vil bli flinkere på å snakke med gamle venner, ta kontakt, sei at eg savner dei.

Inni alt dette så skulle det vere et poeng. Tida går alt for fort, syns eg. Eg vil ikkje vokse opp så fort, eg vil ikkje miste kontakt med dei som eingang var ein venn. Det er nok mange ting som er bra med å vere voksen, men det er endå fleire ting som er bra med å vere et barn eller ungdom. Avogtil skulle eg ønske eg kunne spole tilbake og vere meir tilstede. Ta meir vare på øyeblikka. Være meir klar over at ikkje alt varer evig.

Dato.06.01.2014 klokken.01:18 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Let it snow

  • 05.01.2014kl.06:18
  • Kategori: Blogg
  • kommentarer: (2 )

Torsdags kveld gjekk eg opp av kjellaren og hadde virkelig ingen aning om at det var snødd 5-7 cm med snø. Eg blei så glad, og eg hoppa (heilt sant) av glede. Var kanskje ikkje så gråådig mykje, men det var snø. Så fredags formiddag gjekk eg bort for å trene, og det var bikkjekaldt!! I løpet av den korte turen fram og tilbake fra treningssenteret så har eg klart å blitt forkjøla... Skikkelig og, på eit blunk. Resten av gårsdagen, og dagen i dag, har gått til å sitte foran tv'en og sjå How I Met your Mother. 



Eg var ute i ein time og måka snø, bere for å ha det sagt. I et veldig fint antrekk :-) Treningssko, rosa playboy-sokker (takk mamma), nattbukse og hettegenser med stilongs under, knall rosa hue, leopardskjerf, og votter med snøflak på. Hadde eg hatt crocs hadde eg brukt dei i stadenfor. Neida. Kanskje.

Uansett.. Var tenkt meg ut å ta litt bilder i snøen med kamera, og ikkje mobilen, men eg har vert eit vrak. Tiltak å skrive. I morgon trur eg det skal regne, desverre, men det er eg jo ikkje heilt uvant med.. Håper endå på at det blir så kaldt at me får snow day. My biggest wish! 

Dato.05.01.2014 klokken.06:18 Kategori: Blogg Kommentarer: 2

Dream

  • 03.01.2014kl.01:22
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 0 )

Dream. Do. Live. 

Dato.03.01.2014 klokken.01:22 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Året som var, 2013

  • 31.12.2013kl.12:00
  • Kategori: Om meg
  • kommentarer: (5 )

(Dersom DU er med på bilder og ikkje vil det; gje meg ein lyd så skal eg fjerne dei)

Snart er endå eit år over. Eg har opplevd så mykje dette året, både på godt og vondt. Eg sitt igjen med mange minner og opplevelser eg ikkje ville vert foruten. På grunn av alt dette går eg inn i det nye året som ein forbedra person, vil eg sei, enn eg var for eit år tilbake. 

Januar

1.Januar 2013 våkna eg opp og kunne ikkje vert meir fornøyd med å starte det nye året med min aller beste venn ♥


Grendacup med Real Marøy ++


Meg og mine to in one picture

Februar

Det blei ein del boblebad date's med jento mi


(Pappa) Eg begynte å reise på kurs og møter med Explorius for praktisk informasjon og sånt. 

Mars

Tur med goaste besteforeldra mine
 


Åhhh kor eg savner pusane mine! Kos kos kos


Så starta fotballsesongen, og endelig var vb på samme lag jippii


Eg og Trine farga håret vårt så fint 


Endelig ferie!!! Som alltid reiste me til fjells, og flinke meg kjørte til Voss


Etter mange år som tilskuer så spelte eg Risk med fam. for første gang... og eg vant!



April

Tok fine bilder med pappa ♥


Snø?...


Carlos og Olga


Reiste på Justin Bieber konsert woop woop! Var så bra!

Mai

Farging av hår igjen.... Denne gangen veldig viktig, måtte jo vere klar til


ONE DIRECTION KONSERT!!!! Ein av dei aller beste dagane og kvelden i livet mitt. Ein heilt fantastisk tur med beste vennane ♥ Gjorde godt i hjertet å ta med bestevenninna fra to forskjellige "grupper" og at dei blei gode venner og, haha, må bere få sagt det. Har verdens aller beste venner, everyone of you! Gler meg grååådig til neste gang, jente! ♥


Bere fem dagar seinare var det ut å fly igjen, denne gangen til Tørkiet! Me reiste ned ein dag etter familien Olsvold reiste (planlangt), og eg og Trine hang sammen så godt som heile tida. 




Me feira 17.mai der, og det var heilt akkuratt! Mamma og pappa, både 1 og 2, var med.. og eg har bilder av dei og, altså! Haha :-) btw


I slutten av mai tok daddo meg med på Bon Jovi konsert! Konserten var OK, men alt det andre var egentlig mykje gøyare haha



Juni

Dragebåtfestival (med Trine seff)


Ut på tur, aldri sur


Eg var i mitt første bryllup (som eg kan huske)


Gøøyyy på landet lalal


Sydeeeen (tyrkia selvfølgelig) med familien Valdersnes, i anledning bestemor og bestefar's gullbryllupsdag. Mykje yatzi og uno og andre festligheter

Juli

Heim igjen til vennane



Fekk meg kjæææreste ♥


Møtte One Direction! I wish


Reiste til Oslo og den Amerikanske Ambassaden for å få visum


Var på mange fine båtturar med mammo og pappen


Ein av mange gøye sommerkvelder


Ausa på!!

August

Sykkeltur til Masfjorden med Kristine mi ♥


Havsportveko


Reiste på tur til Geilo med gode venner! Tok ikkje så mange bilder hehe


Min siste hamburger på hydroen før eg skulle reise


Så var den store reisen starta (!!) hahaha




September
Eg har mange bilder herifra, og på denne tida var eg jo i full gang med å blogge og, så det blir litt mindre bilder no :)

Eg hadde min første skuledag på ein heilt ny skule, på ein heilt ny plass med heilt nye folk 4.september


Min første Amerikanske fotball-kamp


Mange nye inntrykk og opplevelser, og stemninga var på topp

Oktober

Homecoming


Trick or treat for sikkert einaste gang i livet mitt

November

Hadde ei fin thanksgiving-feiring i Tennessee med familien på vfar si side


Tur til Smokey Mountains

Desember
Har desverre ikkje mange bilder fra denne månaden før juletida, men har i grunn ikkje lagt ut mange bilder fra jula fra før, så..

Mi kjæraste vertssøster


Kirka 23.00 julafta


Selfies med monumenta

Året 2013 har vert heilt konge! Eg har hatt den beste sommaren nokon sinne, og eg har opplevd ting folk bere kan drømme om. Det er lett å glømme kor heldig ein faktisk er. Er det noko eg har lært meg denne høsten, så er det å ta vare på det ein har og dei ein er glad i. Eg har verdens aller beste venner og familie, og eg føler meg så heldig som har så mange gode mennesker rundt meg. Tusen takk til alle som har gjort dette året så bra. Eg gleder meg til å lage endå fleire minner, og gjere 2014 eeendå bedre, sammen med deke ♥

Dato.31.12.2013 klokken.12:00 Kategori: Om meg Kommentarer: 5

Ei helg i Washington, DC

  • 31.12.2013kl.08:58
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )


SÅ glad var eg :)

Fra fredag til mandag var eg i Washington med Cynthia. Me reiste for at eg skulle få sjå byen, og sov over hos ein vennefamilie av mi familia. Me har gått litt rundt i byen og sett, og me har vert på eit par museum. 


JUKEBOX-TING! Me var på ein diner, og det var så amerikansk! Haha, elske da :-D

Men... off.. Veit ikkje om eg burde fortelle dette, det er så flaut, og eg føler meg så dum. Uansett.. Skulle gi tips til servitøren vår når me skulle gå, og så misforstod eg og trudde dei trakk tips fra kortet. Så når eg fekk lappen eg skulle skrive under på så skreiv eg no 7$ i tips. Såååå viser det seg at eg skulle lagt igjen 7$, for kortet var jo allerede brukt osvosv. Men det tenkte jo ikkje eg på før me var i bilen igjen og skulle til å kjøre. Og aldri i livet om eg hadde gått inn igjen etter å ha innsett dette. Får håpe servitøren trur nokon stjal pengane, og ikkje at eg er fel.

Det første me gjorde etter å ha ete var å reise til George Washington's hus, og museumet laga rundt det.

Heile dagen gjekk til å tour'e dette huset; for me måtte ha billett for å komme inn i det, og dei var forsinka. Det var deilig å reise "heim", sitte seg ned, wifi, og få mat. Dei me var hos må vere den mest vennlige og koslige familien eg nokon sinne har møtt.

Mangler ein av sONene deira på bildet


Endelig har eg laga s'mores. Dei toppa ikkje forventningane, men det var likevel veldig gøy og sei til folk at  "I'm making s'mores"

Dagen etter reiste me til Native American museum.


Heilt utrulig kor mykje detaljer og mønster det er i kulturen deira. Dei må ha mest tålmodighet av alle i verden, dei som lager dette.

Etter et par timer gjekk i alle fall eg lei, og me bestemte oss for å gå videre til American History museum. På veien der møtte eg eit ekorn som ikkje var redd for meg. Litt skeptisk til å begynne med, men så kom det bort til meg. Så no har eg sikkert rabies.

Hajjoo


Med norsk flagg på jehu!

Det var myykje å sjå, men på dette tidspunktet var me begge litt hjernedau, så me tok oss ikkje tid til å gå gjennom heile museumet. Eg ville sjå nokre sommarfulgar på Natural History museum, så me bestemte oss for å ta ein tur. Eg trudde du kunne stå inni eit rom der det svevde mange sommarfuglar rundt deg, men det var ikkje akkuratt sånn det var. Tilfellet var så kjedelig at eg tok ikkje bilde av det eingang.


Er dette der dei spelte inn Night at the Museum? 

Me satt oss ned i 20min og venta på å bli plukka opp, og når me endelig blei det kjørte me rundt og såg på litt forskjellige monument fra bilen. Ingen av oss orka å ta eit steg til.

Jefferson Memorial


Martin Luther King Memorial


Lincoln Memorial


Washington Monument

Og sist men definitivt ikkje minst...

The White House 

Cynthia sa at det mest sannsynlig blir ein til tur til Washington til våren, og at då får me litt meir tid til å gå rundt om for å sjå. Ein må bestille billetter, sende inn informasjon og ta fleire sikkerhetssjekker månader på forhånd for å komme inn i Det Hvite Hus, men eg krysser fingrane mine for at eg får oppleve det. 

Har hatt ein fin fin tur, møtt herlige mennesker, og ikkje minst fått sett ein heil del denne helga! Snillaste vertsmor som ordner, tar meg med, og lar meg få oppleve så mykje.

Dato.31.12.2013 klokken.08:58 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Min juledag

  • 26.12.2013kl.02:27
  • Kategori: Feiring
  • kommentarer: (2 )

Så var jula over for dette år. Eg har ein heilt merkelig følelse. Det føles egentlig ikkje ut som det har vert jul i år. Men eg har no fått oppleve noko nytt som mange andre ikkje får :-)

I går når me åpna et par presanger så fekk me alle (jentene i huset) matchende pysjamas, hihi, kjempeskjønt. Har tenkt på det sjøl tidligere, til venninner, familie, eller kjæreste. Eg syntes i alle fall det er utrulig søtt! Me tok dessverre ikkje bilder av heile familien i dei i går når me åpna, og dei bildene som blei tak i dag tidlig ser ikkje ut. Eg er ikkje akkuratt verdens nydeligaste om morgenen.. Men me fekk tatt et par andre bilder i går kveld før me gjekk i kirka. 


...her har du ett, haha.

Tusen tusen takk til alle som har sendt gåver og kort til meg i juletida. Har fått mykje fint, både av familie og venner her og heime ♥

Ha ei fin romjul, ta godt vare på dei rundt deg, og ikkje minst nyt ferien.

Dato.26.12.2013 klokken.02:27 Kategori: Feiring Kommentarer: 2

God Jul

  • 25.12.2013kl.02:41
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Dagen starta ganske bra i dag tidlig. Eg sto tidlig opp for å skype med kjæresten, etterfulgt av familien, og så blei det også litt skyping med ei venninne. Gjennom all denne skypinga, sjølv når eg satt og såg på at alle var pynta og snakka om at pinnekjøttet lukta godt osv, så følte eg ikkje heimlengsel av noko slag. 

Så gjekk eg og laga graut, og alle bildene på snapchat begynte å strømme inn av fine folk i finstasen. Grauten slo bra til, og eg syns sjølv eg var gjort ein  god jobb. Eg snakka med vertsmor om at eg ikkje lengta heim, sjølv om eg trudde at på denne tida, spesielt den 24. desember, kom til å bli ein tung dag. Eg gjekk inn på rommet for å fikse meg litt, og slo av ein liten prat med kjæresten igjen. "Dette går jo overraskande bra," tenkte eg. Så spiste me fondue til middag. Ikkje akkurat deeeilig pinnekjøtt nei. Men det hadde eg ikkje akkuratt forventa heller.



Eg retta håret mitt og fiksa meg. Sjølv om det ikkje er så vanlig å pynte seg her, så bestemte eg meg for å gjere det likevel. Når eg var ferdig med det gjekk eg inn i stova til dei andre, og me åpna eit par gåver på forskudd. Eg kjente då at kroppen blei litt urolig. Hjernen min kobla ut av Amerika og inn i Norge, og eg tenkte tilbake på når familien sitt i stova og åpner presanger på seine kvelden. "Årh, skulle ønske eg kunne vert der med dei i år og.." Me satt oss til å sjå ein julefilm, og kort tid etterpå.. BÆÆM, der kom heimlengselen og alle følelsane var eit kaos og ropte "NORGEE!" 

No er jo julekvelden over for alle i heime Norge. Her er klokka snart halv ni om kvelden, og det gjenstår endå å gå i kirka for min del. Eg valgte å gå i 23.00-gudstjenesta, og ikkje den 16.00. Det er og blir ei veldig annerledes jul, på alle måtar. Eg ser endå positivt på det. Det blir nye minner og opplevelser. Men samtidig, heilt ærlig talt, så er eg glad for at dette er mi einaste jul vekke i fra Norge. 

Dato.25.12.2013 klokken.02:41 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Så var jula her

  • 24.12.2013kl.02:36
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Så sitt eg her då, på andre sida av jorda, på julafta. Medan eg ser på bilder og statuser, det eine og det andre, av alt som skjer heime. Selvfølgelig skulle eg jo ønske eg var der og fekk tilbringe denne fine tida sammen med familie og venner heime. Men eg veit jo det at norske julefeiringer, det blir det mange av i seinere tid. Ei amerikansk julefeiring får eg derimot aldri oppleve igjen! :)


Pakka gåveposer til ungdommer i fengsel. God gjerning, check. 


Har vert på endå ein ballett, denne gangen med folk i alle aldre. Var faktisk litt koselig, og folk eg kjenner fra skulen var med, så det var kjekt å sjå på dei :)

Ein merkbar forskjell er at det utrulig nok ikkje blir gjort noko svært ut av jula her. Ikkje på samme måte som i Norge, i alle fall. Heime er det så mykje meir heimekoselig, og meir forberedinger og styr og stell fram til jul. Baking og kos og hygge med familien. Her er dagane i grunn dei samme, og ikkje nåke lillejulafta, faste filmer ein må sjå etc. Men..... Det er ikkje rart, det er bere annerledes.

Eg vil forresten sende ein STOR takk til alle som har sendt meg julegåver og julekort/brev. Eg hadde virkelig ikkje forventa så mykje, og eg sitt ufattelig stor pris på det. Eg trur heilt ærlig talt det at eg har fått meir pakker og post i løpet av denne månaden enn eg har heile livet mitt. Dei har gjort adventstida og jula litt bedre. 


Så her har du ei julehelsing tilbake fra meg og min lille famile. Love you guys ♥

I dag (23.des lokal tid) har eg fått unnagjort dei aller siste innkjøpa av julepresanger. Haha, herregud, seint ute ja. Men det er godt no som det er gjort i alle fall! Så gjenstår det å pakke dei inn då, men det trur eg at eg sparer til i morgon. Dagens strev er gjort, og no skal eg sitte meg ned i godstolen med litt snacks og sjå film.

Ha ei god jul folkens ♥

Dato.24.12.2013 klokken.02:36 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Gjemt i mitt hjerte

  • 18.12.2013kl.06:07
  • Kategori: Blogg
  • kommentarer: (4 )

 

Det er ekstra tunge dagar her no, og fleire tunge dager blir det framover. Eg har eit stort tomrom inni meg, og når eg skal kommunisere så blir det bere gråt. Eg vil helst ligge på rommet mitt, i den trygge senga mi. Men samtidig vil eg sitte i stova og sjå film etter film som kan få meg til å strekke på smilebåndet. Eg er ikkje klar til å gå utanfor huset og treffe folk, og det er greit. Det er greit å sørge. Alle har sin egen sørgeprosess. Eg trudde eg visste min, men den gang ei. 

Eg "quoter" meg sjøl...
Dagane kjem og går, og vil etterkvart bli fylt med kvardagslige ting igjen. Men minnene og savnet vil alltid vere der, nokre gonger sterkare enn andre. Etterkvart husker ein dei gode minnene, og takknemligheten for dei letter savnet og sorgen. Det er viktig å ta godt vare på desse minnene, for dei gjer sorgen lettare å bære.

Eg håper du har det bra no, og at du har fått den fred du kan få. Dei gode minna me har sammen vil alltid vere i hjertet mitt. Du vil for alltid vere ein del av meg. Eg er så ufattelig glad i deg. 

Til me treffes igjen. Kvil i fred ♥

Dato.18.12.2013 klokken.06:07 Kategori: Blogg Kommentarer: 4

Denne helga har eg

  • 16.12.2013kl.04:05
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 0 )

Vert på julekonsert med vsøster, som ho egentlig tvinga meg på.. Det var koret fra skulen som sang, og som ho er del i.


Brukt mykje tid på skyping med venner, kjæreste og familie ♥


Var innom ein plass der dei samla på dette.. Haha, ikkje heilt frivillig det her heller, men dei hadde god kakao. 


Lagd det kulaste pepperkakehuset Amerika har sett. Jada.. 

Ikkje mykje, men samtidig mykje, som foregår her no. Heimlengselen blir sterkare for kvar dag det nærmar seg jul, og eg tenker mykje på alle heime. Men det er som forventa, og snart suser nok tida avgårde atter ein gang.. Det er godt at det bere er ei veke igjen på skulen før ein laaaang juleferie, og så eit godt nytt år. 

Forhåpentligvis får eg hive meg i fotballtreninga igjen denne veka. Det har vore hektisk (og latskap) dei to siste vekene, så eg har desverre ikkje vert på trening. I tillegg er det så kaldt, brrr... Tåler ikkje mykje kulde, og det får eg høre ooom og ooom igjen dersom eg nevner at eg frys. Uansett! Trøtt er eg og, så det blei bere eit lite innlegg for å vise at det går greit over her :-)

Dato.16.12.2013 klokken.04:05 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Kjempe stygt vêr

  • 11.12.2013kl.03:12
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 1 )

 

Dei siste dagane har det vert litt ustødig vêr, med regn og snø om kverandre og kaldt, varmt, kaldt, varmt.. Mykje av det eg er vandt med på Vestlandet i grunn. Så eg klager virkelig ikkje på at me fekk Early Dismissal fra skulen i dag. Me slutter vanligvis klokka 14.55, men i dag fekk me gå 12.45. Siden det snødde (minimalt) og var kaldt, så kunne visst vegane bli så farlige at det var best å sende oss heim når det endå var trygt å kjøre.

Ut i fra det eg såg i løpet av dagen, så hadde det ikkje vert nokon fare i å blitt på skulen til den var ferdig. Men som sagt, skal ikkje klage.. I Norge får me nærmast ikkje fri om det er tre meter snø og orkan eingang.

Dato.11.12.2013 klokken.03:12 Kategori: Blogg Kommentarer: 1

Juleevangeliet for fjortiser

  • 09.12.2013kl.02:34
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

«Det skjedde for dritlenge siden at det gikk ut en befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle joine en gruppe: «Vi som vil skrives inn i manntall». Dette skjedde mens Kvirinius var helt sjef i Syria, og gruppa fikk drøyt mange likes.

Josef traska fra byen Nasaret i Galilea, opp til Judea, til Davids by Betlehem, for å signe manntallet sammen med Maria, dama hans, som hadde boller i ommen. Og mens de var der, hevet bollene, for å si det sånn, og Maria leverte varene. Hu pakka kiden inn i noe tøy, og la?n i ei krybbe, for det var ikke plass til dem i herberget.

Det var noen gjetere som var ute i natta og passa på sheepsa sine. Med ett var Herrens engler F2F, og Herrens diggbarhet lyste. Gjeterne bare: «OMG! FTW», og engelen bare: «Slapp av, noobs! Jeg kommer med en tweet om glede, en glede for hele folket: #Frelser #Kristus #jomfrufødsel ? og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne en kid som er innpakka i noe tøy og ligger i ei krybbe.»

Så kom engelens followers, en himmelsk hærskare, som ga masse kudos til Gud og retweeta: #Frelser #Kristus, og #ffnor Gud og fred på Jorden blant mennesker som har Guds velbehag»

Da englene hadde tatt kvelden, sa gjeterne til hverandre: «La oss stikke inn til Betlehem for å sjekke trøkket.» Og der fant de Maria og Josef og den lille kiden som læxan i krybba. Da oppretta de en ny gruppe: «Vi som har sett Jesus Kristus, Guds sønn». Folk bare: «Saklig, LOL». Gruppa fikk ikke så mange likes, for å si det sånn, men det var bare i starten, for seinere i livet fikk Jesus sinnssykt mange followers.

Og Maria bare: «#DenFølelsen»
Og gjeterne bare: «Serr? Konge, ass!»

Dato.09.12.2013 klokken.02:34 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Pynting av tre

  • 07.12.2013kl.02:37
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Amerikanere liker tydeligvis å få ting gjort i god tid, for i løpet av dagen har me satt opp og pynta juletreet..7.desember. 


Måtte bruke stige for å nå opp, og klarte likevel ikkje nå til topps



Får ikkje snu bildet.. Men alle boksane som er på bildet er bokser det var julepynt til treet i. Og når eg trudde me var ferdig med å pynte treet seier Tim at me får ta resten av pynten som hører med treet i morgon...Hæ?! Meir?!  Det var uansett veldig koselig å pynte. Eg trur eg alltid vil vere glad i å pynte juletre, generelt å pynte til jul, siden det for 1000 gang (trur eg) er mi favoritt-høgtid. 

Det som ikkje var like koselig var at eg akkuratt skulle til gå bort på treningssenteret for å trene når Rose spurte meg om eg ville hjelpe med å pynte. Selvfølgelig koselig at ho spurte, men no er det på tide å komme i gang igjen før alt blir samla opp. Det har allerede begynt. Kiloene ja. Resten av helga er full av diverse "aktiviteter" óg, så me får sjå om eg klarer å presse inn litt aleinetid med tredmølla i løpet av helga. 

Dato.07.12.2013 klokken.02:37 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Fog Delay

  • 06.12.2013kl.04:57
  • Kategori: Funfun
  • Kommentarer: ( 0 )

I dag tidlig blei eg vekka i halv fem-tida av ein gledelig nyhet! Tim kom inn og sa at det var to timers "fog delay" i dag. Altså, det var så mykje skodde ute at for alle's egen sikkerhet (kjøring til skulen, busser og biler) så blei skulen utsatt, og eg fekk masse ekstra god sovetid ♥ 



Det er heilt utrulig kor stor forskjell to timer kan gjere. Eg følte meg 10 ganger meir opplagt, og skuledagen var naturligvis ikkje så lang. Det er sånn det skulle vert kver dag, skule fra fem på ti til fem på tre :-) Alternative universe, kanskje. No venter eg på at me skal få "Snow day!"

Dato.06.12.2013 klokken.04:57 Kategori: Funfun Kommentarer: 0

Eit lys skal brenne

  • 05.12.2013kl.04:28
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Kva ønsker du deg til jul? Kva skal eg kjøpe til ho til jul? Til han? Til dei? Har eg brukt nok pengar, eller forventer dei meir? 

Det er stressande å kjøpe julepresangar. Sånn er det i alle fall for meg kvart år. Eg tenker for mykje på det, slik som mange andre. Vertsmora mi er veldig engasjert i å hjelpe dei som ikkje har så mykje, og på grunn av dette har eg fått litt anna syn på julegåver óg. Eg elsker framdeles å få presanger, og ser grådig fram til julafta og å pakke opp gåvene. Men.... eg har starta å tenke på dei som ikkje får den muligheten. Dei som ikkje har det like bra som meg og får alt eg har muligheten til å få. Ting dei bere kan drømme om. 



Jula er ikkje like gøy for alle. For mange er det ei vanskelig tid, og folk kan oppleve sorg fordi dei ikkje får kjøpt gåver til familien sin. For unger betyr jula gåver, og for voksne betyr det gleden dei får av å sjå barna glede seg. Sjølv om det ikkje er gåver jula egentlig handler om, så er det likevel sånn mykje av den er blitt. Fellesskapet er fremdeles viktig, og no når eg er blitt litt eldre syns eg det er minst like koselig å ha alle samla heime. Eg har det heilt fantastisk fint sjølv, og håper eg kan hjelpe andre med å få det bedre. Små eller store ting, alt gjeldt.

Eg seier ikkje det at eg er eller blir ein hellig person som alltid sitt alle andre før meg sjølv, men eg håper at eg kan gjere og bety litt ekstra for nokon til tider.

Dato.05.12.2013 klokken.04:28 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Heim til jul

  • 03.12.2013kl.03:41
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 1 )

I dag har vert ein bedrings-dag for min del. Eg har vert sjuk i over ei veke no, og fekk kvilt meg mykje i dag så eg forhåpentligvis blir fort bedre. Dagen snegla seg av stad til å begynne med, men så fekk me post.. Posten fra forrige veke har blitt sendt til postkontoret, og i dag fekk me den heim til oss. Eg var spent på om pakken eg visste eg snart skulle få av mamma og pappa, var komt. 

Det var den!! I tillegg til litt anna uventa post.....


Fekk julekort, brev og sjokolade fra snille tante Sissel m/fam ♥


Adventskalender fra snillaste mammo og pappen ♥


"Luke" 1 og 2 

Eg er så ufattelig glad i mamma og pappa som er så god og grei med meg, og tar seg tid og bry til å sende pakke over til meg! Dette gleder forsåvidt alle som gjer det. Eg merker det er litt vanskeligere tider no når det er advent og nærmar seg jul, og eg skulle gjerne vert heime og pynta, baka og stelt i stand til jul med kjente juletradisjoner. Men det er heldigvis jul kvart år, og eg får mange muligheter til å feire den heime i Norge. Eg får derimot mest sannsynlig ikkje feira skikkelig amerikansk jul utenom dette året, og sjøl om det blir annerledes på mange måtar så ser eg fram til å oppleve det og. 

Dato.03.12.2013 klokken.03:41 Kategori: Feiring Kommentarer: 1

Søndag nummer 1

  • 01.12.2013kl.23:51
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Allerede første søndag i advent.... Allerede vert her i 3 mnd... 

Kor blir tida av? Eg tenker kvart år at tida går fort, men når du er i et anna land og ser livet i Norge "utanifra" så går den enda fortare. Eg får knapt tid til å tenke før det er neste månad. Men no er endelig favorittmånaden min her ♥ Eg er så glad i advent, kalendarar, julemusikk, julepynt, julebakst og alt anna som følger med. Eg elsker jula.



Denne desembermånaden blir heilt sikkert heilt annerledes enn eg nokon gang har opplevd før og kjem til å oppleve, og eg forbereder meg på å gjere plass til endå litt minner. 

Dato.01.12.2013 klokken.23:51 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Black Friday

  • 30.11.2013kl.04:48
  • Kategori: Diverse
  • Kommentarer: ( 0 )

Dagen etter Thanksgiving blir kalla for Black Friday. Dette er den store handledagen med mange tilbud i USA og Canada. Tradisjonelt sett er visst dette starten på julehandelen, og folk går virkelig amok for å få dei beste tilbud og priser. Mange plasser åpnar tiidlig om morgenen, rettare sagt om natta, og folk står i kø i fleire timar for å få tilgang til et begrensa antall varer. 


Me har ikkje vore å handla i dag. På ein måte kunne eg tenkt meg å opplevd det, men på den andre sida er det nok like greit at eg holdt meg unna. 

Dato.30.11.2013 klokken.04:48 Kategori: Diverse Kommentarer: 0

Smoky Mountains

  • 30.11.2013kl.04:36
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

I dag, 29.11, reiste vfamilien opp til Smokey Mountains, ein fjellkjede i Tennessee og North Carolina. Me kjørte for det meste på ein veg laga for dette, så me fekk med oss utikt sjølv fra bilen. Men me stoppa også nokre plassar, på gamle kirkegårdar og hus som står der fra gammal tid, og turistsenteret. 
http://en.wikipedia.org/wiki/Great_Smoky_Mountains 








Godt er ikkje er paranoid fra før av ;););)




Skitne sko :-(

Smoky Mountains er Amerikas mest besøkte nasjonalpark, mykje på grunn av at det bur fleire folk her og er lettare å reise til enn Grand Canyon. Grand Canyon er derimot den mest kjente. Desverre er det litt langt å reise dertil, men var fint her og :-)

Dato.30.11.2013 klokken.04:36 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Thanksgiving 28.11

  • 30.11.2013kl.04:14
  • Kategori: Feiring
  • Kommentarer: ( 0 )

Knips, så var thanksgiving allerede over. Eg føler det er litt som med jul og konfirmasjon. Det er mange forberedelser og snakk om det på forhånd, og så er dagen plutselig over. Denne tida handler om å tilbringe tid med familien. Og om mat. Masse mat. Me har vert i Tennessee sidan mandags kveld, og eg er veldig klar for å starte på reisen heimover i morgon tidlig.


Amerikansk fotball er ein viktig del av Thanksgiving


Tilbereding av middagen


Skjønnaste


Et par gråådig fine bilder her ja..


Før-middagskvil som varte i 2min



Eg har truffe mange familiemedlemmer på Tim si side som eg er veldig glad for å ha fått helst på og snakka med. Mora hans er den skjønnaste dama eg nokon sinne har møtt, i tillegg til andre kjempegreie folk, så det var litt leit å sei hadet. Når eg sa farvel til mora hans for godt i dag sa ho "Do not forget about me." Åhhh, rett i hjerta.

Dato.30.11.2013 klokken.04:14 Kategori: Feiring Kommentarer: 0

Kino og familietreff

  • 27.11.2013kl.15:58
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

I går var det tidlig opp for å rekke frukosten som er fra 6-9. Me var på hotellet fram til ti, då reiste me bort til søstera til Tim. Me var der i ein halvtime-time før me reiste på kino for å sjå Catching Fire, den andre filmen i triologien The Hunger Games. Den var sjukt bra!! Eg satt å kneip hånda til Elena fleire ganger fordi det var så spennande. På slutten blei eg litt forvirra, så då måtte ho som har lest boka forklare nokre ting for meg, bere for å være på den sikre sida. 

Når filmen var ferdig reiste me tilbake til tanta til Elena, Sally (og onkelen eg ikkje husker navnet på). Bestemora og ei til tante og onkel kom litt seinare, og me slappa av, snakka og spiste middag der før me reiste tilbake til hotellet. I dag var det også tidlig opp, men heldigvis bruker me litt meir tid på hotellet til å slappa av no enn me gjorde i går. 

Det blir et par oppdateringer i ny og ne når eg har tid. Eg beklger om eg ikkje svarer på meldingar sjølv om eg har sett dei, eg glømmer så fort, og det så mykje som skjer at eg får i grunn ikkje tid. Men det blir svar til slutt! :-)

Dato.27.11.2013 klokken.15:58 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Knoxville

  • 26.11.2013kl.03:25
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 0 )

Etter 12-13 timer i bil er me endelig framme i Knoxville. I løpet av denne dagen har eg vore i Delaware, Maryland, Washington, Virginia og Tennessee. Har dessverre ikkje fått sett stort i nokre av statane, men har no vert der, haha. No sitt eg godt planta i senga mi på hotellrommet. Toppbloggaren no! På hotell og greier.. 

Me skal feire thanksgiving her med familien til vfar. Huset til søstera hans var fullt i andre folk, så me skal bu på hotell fram til lørdag. Det er veldig fint med et lite basseng og treningssenter. Synd eg ikkje tok med meg treningsklær eller sko. Eg fekk beskjed om at det var svømmebasseng her, ikkje noko meir :( Det betyr bere ein ting -> shopping.

Dato.26.11.2013 klokken.03:25 Kategori: Reise Kommentarer: 0

Pakka og klar

  • 25.11.2013kl.05:20
  • Kategori: Reise
  • Kommentarer: ( 1 )

Store mellomrom mellom kvar gong eg blogger. Litt på grunn av mangel på tid, og resten på grunn av latskap...

Fredag blei eg med på ein konsert i kyrkja der fire russiske menn sang. For å sei det sånn så gjekk eg bere for å vere snill og vmor spurte så fint. Gjennom heile konserten satt eg og dagdrømte om alt anna. På lørdag var eg og såg på teatergruppa på skulen som Elena og nokre andre venner er med i. Dei framførte skuespillet "12 days of Christmas."  



Når me kom heim igjen hadde me "bonding-time." Haha. Det er rart kor knytta ein kan bli til personer på så kort tid. Eg føler eg har kjent Elena mykje lengre enn i underkant av tre månader. Eg prøver å la være å tenke på at eg ein dag skal forlate ho, og resten av familien sjølvsagt.

På torsdag fortalte eg så fornøyd til Mariko at eg ikkje har blitt forkjøla her enda, og at hadde eg vore i Norge på dette tidspunktet hadde eg lagt i senga skamsjuk. Det slår tilbake. No er eg sjuk med rennande nase og sår hals. Veldig fornøyd med meg sjøl som tok med Doc. Dagen i dag begynte derfor veldig slitsom med noko som føltes som evigheter med kirketid. Når eg kom heim var eg utslitt, så eg bevegde meg ikkje så mykje, og låg heller (nesten) langflat i senga og snakka med Leonard, snillaste kjæresten som har sendt meg endå ein pakke.


Fekk også ein 6pakning Kvikklunsj, men litt er allerede eten og resten har eg pakka med til turen. Føler et visst press her no på å være ein like god kjæreste, haha. KOR gjømmer julepresangane seg?

I går bakte me ei kake til i dag, for i dag har nemlig Mariko bursdag ♥ Me ba ho komme over når ho var ferdig på jobb for å ete middag her og sjå tv-serien "vår". Ho blei gledelig overraska når ho såg at me var gjort litt ekstra. 


I tillegg til kake og Happy Birthday sangen av The Beatles som er favorittbandet hennar, så gav me ho gavekort på bensin; sidan ho er den einaste med bil av oss og er så grei som kjører oss rundt. 

No er eg ferdig å pakke kofferten, klar for å reise til Tennessee i morgon. Me skulle egentlig reise tirsdag etter skulen, no reiser me i morgon tidlig i 8-9 tida. Eg klager ikkje på heilt skulefri veke! Har ein historieprøve i morgon som eg ikkje er heilt klar for óg, hehe.......


Som alltid pakker eg meir enn eg egentlig treng. Trur eg. Eg veit jo aldri! 

Det blir seint til sengs i kveld, men med mange timar i bil i morgon så satser eg på at eg klarer å sove i bilen :-)

Dato.25.11.2013 klokken.05:20 Kategori: Reise Kommentarer: 1

Vinn frukost fra Surf Bagel

  • 21.11.2013kl.04:03
  • Kategori: Skulen
  • Kommentarer: ( 0 )

Nei dette er ikkje et reklameinnlegg. Eg hadde ikkje gidda å sendt mat over med posten, bortkasta penger. Bortsett fra fårepølso ++ som familyen sende øve, da e ikkje bortkasta i da heile tatt! 

Forrige veke starta ein konkurranse på skulen, og i morgon eller fredag kåres vinnaren. Konkurransen går ut på å pynte homeroom-døra si finast med tema og ting fra høgskulen/universitetet homeroom-læraren gjekk på. Dei som vinn får sponsa frukost fra Surf Bagel. Artig å sjå på dei forskjellige dørene, nokon tar det virkelig heilt ut!


For nokon var det ikkje nok å pynte døra 



Og for å sei det sånn....vår dør var ikkje verdt å ta bilde av. 

Dato.21.11.2013 klokken.04:03 Kategori: Skulen Kommentarer: 0

Litt alvorsprat

  • 20.11.2013kl.04:25
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 0 )

På fredag som var fekk me ein trist nyhet i løpet av skuledagen. Naboskulen hadde ein elev som var tatt sjølvmord på badet på skulen. Sjølv om eg ikkje kjente h*n eller var møtt h*n, så blei eg sjokkert. Denne personen hadde visst hengt seg med eit belte og ein hårbånd, og no har eg hørt rykter om at skulen skal forby hårbånd. Korleis i all verden skal det hjelpe med noko. Dersom folk vil ta livet av seg så finn dei nok på noko nytt. Det går ikkje an å forby alt som er. Det har vore mykje snakk om dette. Blei h*n mobba? Hadde h*n det ille heime? Så kjem plot twisten. Det var h*n som mobba, og no gjekk det så mykje i mot h*n at det blei for mykje for h*n.


Post-it lappar med "fine, motiverande ord" på, på badet i dag

I går var det ein sånn dag der eg orka verken å sminke meg eller fikse håret mitt. Når eg gjekk ut av spansktimen var det ein i klassen min som sa "You look different today." Eg svarte no bere "Okey?" og då sa han "Yea, but not in a good way." No skal det seiast at det var fleire som sa eg var fin uten sminke, og håret mitt var mjukt og fint etcetc. Men det er ikkje dei kommentarane som brenn seg fast i hjernen. Det er dei som ikkje er så bra, og eg er nok ikkje aleine om å ha det sånn. 

Er det rart folk slit? Er det rart folk har dårlig sjølvbilete? Eg velger sjølv å la vær å fokusere på det han sa, og eg er blitt flinkere når det kjem til sånt; å oversjå små, negative kommentarer som det. Det er ikkje mottakaren det er noko gale med, det er sendaren. Dei som seier slikt har eit problem med seg sjølv som dei treng å fikse. Eg tenkte det at han som sa dette var utrulig slem og egoistisk. Men no syns eg synd i han. Eg syns synd i folk som synker så lavt at dei må gjere narr av andre for å sjølv føle seg bedre. Dersom du har noko slemt å sei kan du holde det for deg sjølv. 



...og det var dagens alvorsord.

Dato.20.11.2013 klokken.04:25 Kategori: Blogg Kommentarer: 0

Hallo

  • 18.11.2013kl.02:32
  • Kategori: Blogg
  • Kommentarer: ( 0 )

I dag har virkelig vert ein "ikkje gjer noko dag"-dag. Etter me kom heim fra kirka har eg stort sett bere lagt i senga og sett på videoar, chatta, og hørt på musikk. Men sjølv etter ein super lat dag så er eg allerede trøtt og har lagt meg. Eg beklager for mindre og mindre blogging, skal prøve å oppdatere litt meir framover :-) 

Dato.18.11.2013 klokken.02:32 Kategori: Blogg Kommentarer: 0
Amalie V. Marøy

17, Radøy

Dette er bloggen min der eg skriv om søknadsprosessen og utvekslingsåret mitt i USA 13/14. Eg reiser med Explorius, og gleder meg veldig til å studere et år i utlandet!


DesignIna Anjuta



hits